Japan Photo Blogg

Den store XXL-testen: Forstørrelse på skumplate

Fem heldige fikk lov til å teste våre XXL-produkter. Nå har vi et bidrag fra den første testeren, Jan Tore Skråmestø. Her er hans vurdering av forstørrelse på skumplate.

«Eg har lurt på å få nokre av bildene mine på eigen vegg i stort format, men har syntes at det har vore ei litt dyr investering utan å vera heilt sikker på korleis resultatet ville bli. Skumplate verka som eit prisvenleg alternativ og ga meg lyst til å teste for eventuelt å bestilla fleire bilder seinare.

Første utfordring: Kva bilde skal eg velje?

Det er uproblematisk å bestilla småbilder til 80 øre stykket, men når eitt bilde koster 1000 kroner kjennes presset større. Etter litt vurdering sat eg tilbake med 3-4 alternativ, hadde halvvegs bestemt meg for eit solnedgangsbilde, lasta det opp til Japan Photo, eksperimenterte litt med format, men forkasta det sidan det kunne vore tatt kor som helst. Til slutt endte eg med eit dramatisk foto, tatt frå eige trapp med skodde, trær og mange lag. Håpet var at djubden i bildet ville komma godt fram i storformat.

Andre utfordring: Størrelse.

Opplastinga til Japan Photo gjekk fint. Systemet gjer det enkelt å sjå korleis beskjæring vil bli i dei ulike formata. Til slutt endte eg opp med 100 x 80 og hjørnefeste. Heile registrerings- og bestillingsprosessen gjekk veldig greit.

Originalbildet som Jan Tore brukte da han bestilte sin skumplate

Originalbildet som Jan Tore brukte da han bestilte sin skumplate

Innpakking var solid med bobleplast innerst og dobbel papp rundt. Ytterste lag med papp hadde fått ein del rifter under transporten, så dette er eit nivå Japan Photo bør halda på.

Tredje utfordring: Plassering.

100 x 80 er stort, og større enn eg hadde førestilt meg. I praksis var det berre ein stad i huset bildet passa, heldigvis fungerer det veldig bra. Skumplata er så lett at det var uproblematisk å henga opp eit så stort bilde åleine.

Kvaliteten verkar bra. I 100×80 får bildet ein litt malerisk effekt, og fargane er ikkje så nyanserte som på fotopapir. Samstundes gjev det bildet ein særeigen effekt i dette formatet. Eg kan godt tenkja meg å bestilla meir storformat i skumplast, men vil antakeleg då gå ned i storleik, til dømes 70 x 50 for å ha meir fleksibilitet når det gjeld plassering.»

Slik henger bildet på vegge hos Jan Tore Skråmestø

Slik henger bildet på veggen hos Jan Tore Skråmestø

Om forfatter Vis alle innlegg

admin

Legg igjen et svar

Din e-post adresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *